
Eg heiter Mari Anne K. Skorpen, og bur på Tysnes, ei lita øy sør for Bergen. Eg er gift med Hallvard, og me har 5 barn, Celine 13år, Amalie 10år, Håvard 6år og tvillingane Henrik og Sindre på 1år.
Eg er utdanna hjelpepleier, og har no utvida svangerskapspermisjon frå ei 50% stilling i eit bufellesskap for Psykisk Utviklingshemma.
Etter at eg vart mor fyrste gong blei eg agent i eit homepartyfirma som sel barnesikringsutstyr. Eg fekk då mange spørsmål om utleige av bilsikringsutstyr, og hausten 1997 kjøpte eg inn bilstoler og starta utleige av bilsikringsutstyr.
Eg dreiv med salg og utleige av barne-og bilsikringsutstyr heimefrå fram til sommaren 2006. Då leigde eg meg lokaler og opna butikkutsalg.
For å få eit breiare vareutvalg, starta eg og å selge garn-/hobbyutstyr.
Kombinasjonen barnesikring og garn-/hobbyutstyr har vist seg å vera ein bra kombinasjon.
Eg har alltid vore glad i håndarbeid, så dette vart eit naturleg valg for meg.
Eg vaks opp vedsida av farmor og besten, og eg brukte mykje av barndommen min i stova med farmor. Ho hadde alltid tid til meg, og håndarbeid lærte eg tidleg..... Strikking, hardangersøm og perling av belte og brystduk var ting eg kunne før eg begynnte på skulen... Eg er utruleg takknemleg for den kunnskapen som farmor har gitt meg, og det er gode minner eg sitt igjen med idag.
Våren 2008 vart eg gravid med tvillinger, og eg valgte då å avvikla butikken, og eg "flytta" heim i kjellaren igjen... Eg satser no på nettbutikk. I tillegg kjem det stadig kunder heim til meg, noko som eg synest er veldig kjekt.
Håper du liker nettsida mi, og ta gjerne kontakt dersom du lurer på noko.

Familien min....